Hopp til innhaldet

Salsvilkår

Sist endra 10. oktober 2026

Seljar
Røishågå v/ Mari Midtli og Frikk Gjeilo
Adresse
Flatmovegen 264, 2686 Lom
Org.nr.
914 933 293 MVA (underavdeling 914 955 513)
E-post
post@roishaga.no
Telefon
971 56 502

Desse vilkåra gjeld når du som forbrukar kjøper varer frå nettbutikken vår. Kjøp mellom næringsdrivande og forbrukarar er regulerte av mellom anna avtalelova, forbrukarkjøpslova, marknadsføringslova, angrerettlova og ehandelslova. Desse lovene gir deg rettar som ikkje kan avtalast bort, og vilkåra her avgrensar ikkje rettane dine etter lova.

Partane

Seljar er føretaket som står over. Kjøpar er forbrukaren som legg inn bestillinga, og blir kalla «du» i vilkåra.

Pris og betaling

Alle prisar er i norske kroner og inkluderer meirverdiavgift. Det kjem ingen andre kostnader i tillegg til det som står i kassa før du betaler.

Du betaler med Vipps. Når du fullfører bestillinga, blir beløpet reservert på kontoen din. Pengane blir først trekte når du hentar varene, eller når dei blir sende. Blir ordren kansellert før det, blir reservasjonen oppheva, og du blir ikkje belasta.

Avtalen

Avtalen er bindande når du har fullført betalinga i Vipps. Du får ei ordrestadfesting på e-post med det du har kjøpt, prisen og desse vilkåra.

Avtalen er likevel ikkje bindande dersom det har vore ein skrive- eller tastefeil i tilbodet i nettbutikken eller i bestillinga di, og den andre parten forstod eller burde ha forstått at det var ein feil.

Henting og levering

Varene blir henta på garden etter avtale. Vi tek kontakt på telefon eller e-post når varene er klare, og avtalar tidspunkt med deg. Dersom andre leveringsmåtar er tilgjengelege, står dei med pris i kassa.

Levering har skjedd når du har henta varene, eller når dei er overleverte til deg. Frå då av har du risikoen for varene. Kjølte og fryste varer må haldast kalde etter henting.

Dersom vi ikkje kan levere til avtalt tid, seier vi frå så snart vi kan. Du kan då halde att betalinga, krevje levering, heve kjøpet eller krevje erstatning etter reglane i forbrukarkjøpslova.

Angrerett

Ferske og raskt forgjengelege matvarer har ikkje angrerett. Det gjeld til dømes grønsaker, bær, frukt og kjøt, jf. angrerettlova § 22 bokstav d. Angreretten gjeld heller ikkje forsegla matvarer der forseglinga er broten etter levering, jf. § 22 bokstav e.

For andre varer har du 14 dagars angrerett frå dagen du fekk vara. Du gir melding om at du vil angre, anten med angrerettskjemaet på nettsida eller på e-post. Vi betaler tilbake det du har betalt seinast 14 dagar etter at vi fekk meldinga. Du ber sjølv kostnaden med å sende eller levere vara tilbake.

Feil ved vara (reklamasjon)

Er det feil ved vara, må du seie frå innan rimeleg tid etter at du oppdaga eller burde ha oppdaga feilen. For matvarer bør du seie frå så snart som mogleg. Du har alltid minst to månader frå du oppdaga feilen, og fristen er aldri kortare enn det lova gir deg (forbrukarkjøpslova § 27).

Ta kontakt på e-post eller telefon, og legg gjerne ved eit bilete. Du kan etter lova krevje retting, ny vare, prisavslag, heving eller erstatning.

Personopplysningar

Korleis vi handsamar personopplysningane dine, står i personvernerklæringa.

Konfliktløysing

Klager skal rettast til oss innan rimeleg tid, og vi skal prøve å løyse saka i minnelegheit. Kjem vi ikkje til semje, kan du ta kontakt med Forbrukartilsynet for mekling (forbrukertilsynet.no, telefon 23 400 600). Saka kan òg bringast inn for Forbrukarklageutvalet.

PersonvernerklæringAngrerettskjemaTilbake til forsida